fredag 15. juli 2011

Mange nyheiter i butikken

No byrjar det å komme inn nye varer. Først ut er det nye garnet DUO fra Sandnesgarn! Det er kommet inn i 8 lekre farger – det er også kommet mønsterhefte for DUO. Duo garnet skal ha samme strikkefastheit som det utgåtte Duettgarnet, Smart og Sandnes Alpakka. I tillegg så kom det påfyll av farger i Mandarin Petit, Lanett, Fantacy og Smart.

Eg har og fått inn ein ny lekker rosafarge i Silk Mohair, og ventar inn fargen lyng i dette garnet.

Eg har og fått varer fra Coats/Knapphuset – og der var det med bl.a. dongribukseknapper som eg veit det har vore eit par stykker innom butikken og spurt etter. I tillegg fekk eg godt med påfyll av bomullsgarnet Puppets Lyric. Eit tjukt og godt bomullsgarn som egnar seg til å strikke koppetuer, handdukar og gryteklutar av.

DSC00328

mandag 11. juli 2011

Opningstider og nyheiter

Etter å ha sett litt korleis trafikken er denne første veka – så ser eg at det er stort sett heilt stilt etter kl 16.30, men av og til så er det nokon som stikk innom før kl. 10.00 så eg har derfor bestemt meg for fylgjande åpningstider no i sommar:

Mandag – fredag 09.30 – 16.30
Laurdag 10.00 – 15.00

På fredag så kom det inn ei stor kasse med pleddgarn i friske fargar!

IMG_1201

søndag 10. juli 2011

Klar for mi andre veke på butikken

Første veka er gjennomført – mandag var det masse folk og mykje sal – så kom sommaren.

IMG_1200

Til tross for at sommaren kom så har det vore ganske mange folk inn for døra, mange gratulasjonar og lykkeønskingar. Det set eg pris på!

Eg fortset salet med å få ut ikkje handarbeidsrelaterte varer og har fyllt opp stativet til 5 kroner i tillegg så har eg fortsatt mange sjal igjen til kr 30,-. Det er og ein god del garn, fortrinsvis restar, utgåtte kvalitetar og fargar.¨

IMG_1197

Her har eg fyllt opp bordet med salgsvarer, men no har eg rydda det slik at du kan ta med handarbeidet ditt og sitte ned ei stund om du vil. Kaffi har eg og!

IMG_1199

Oppskriftene har eg ikkje fått rydda i endå – har bestillt meg nye kassettar til å sette dei i. Når eg får dei (truleg i løpet av ei vekes tid) og eg får sortert oppskriftene så blir det nok salg på oppskrifter og!

Broderiavdelinga har eg ingen nye bilder av, for den er fortsatt litt kaotisk, men håper å rekke å få litt orden i den i løpet av veka som kjem.

Velkommen innom til ein hyggelig handel, eller berre ein prat.

mandag 4. juli 2011

Trekning og opning

No har eg gitt meg for i kveld – butikken er ikkje heilt klar, men satsar på siste innspurt i morgon tidleg! Så blir det opning i morgon!! Gleder meg Smilefjes med åpen munn - masse varer på ryddesal.

Når eg kom meg på nett no i kveld så oppdagar eg at på Volda Mode si Facebookside så er det no heile 110 som likar sida! Då trekker eg give awayen og delte ut nummer til alle som har lagt igjen kommentar  - total 72 lodd og nummer 32 vann – og der sto det Josefine!!! Gratulerer så masse! Gave med sløyfe Ta kontakt så avtaler vi om du kjem innom eller om premien skal sendast Skolebuss.

torsdag 30. juni 2011

Nytt inventar og utsettjingar

Som eg har skrevet på Facebook så vart det klart onsdag at å bli ferdig til fredag var berre ikkje mulig. Handverkarane måtte ta “nødoppgåver” – les vasslekasje andre stadar før dei kunne fortsette i butikken hos meg. Men no har dei lova at dei berre må verte ferdige i løpet av i morgon fredag.

No blir det opning mandag kl 10.00! Annonsa kjem i Møre på laurdag så då må handverkarane berre verte ferdige!

I dag har eg vore å henta nytt – brukt inventar i ein butikk som stengde dørene i dag. Eg får truleg noko meir, men det måtte ryddast litt meir før det var klart. Ein ting er i alle fall sikkert – dette blir lekkert!!!  Var så sliten når vi var ferdige at eg gløymde heilt å ta bilder – så det får bli i morgon.

Husk give away og vervekonkurransen på Facebook. Akkuratt no så har sida til Volda Mode fått utrulege 85 likarar og det manglar berre 15! Før det blir trekning.

onsdag 29. juni 2011

Her er kva du kan vinne!

Dette mønsterarket og garn til ei av luene. For å vere med i trekninga må du legge igjen kommentar i dette innlegget.

mandag 27. juni 2011

Give away og ryddesal!

Lokalet i kjellaren byrjar så smått å ta form – har fått malt hyllene og fått dei på plass og så vidt begynt å få opp brodergarn i hyllene – og no har eg fått LYS i kjellaren og =)

DSC00477

Eg ynskjer fleire “likarar” på Facebooksida til Volda Mode! Derfor lagar eg ein giveaway her i bloggen. Med dei enkle og vanlege reglane!

1 lodd for kommentar på DETTE innlegget
1 lodd for følger på bloggen
1 lodd for liker på facebook

Du kan altså få inntil 3 lodd! Trekning når eg passerer 100 som liker Volda Mode på Facebook.

PREMIE: Blir nok noko strikkegarn – skal komme tilbake med bilder av premien når eg kjem til garnlageret igjen.

Dersom handverkarane vert ferdige i løpet av onsdag – så skal eg jobbe “døgnet rundt” for å kunne opne dørene med ryddesal fredag 1. juli kl 12.00.

- og som de ser så har eg mykje arbeid framføre meg!

DSC00480

DSC00479

onsdag 22. juni 2011

Planlegger

IMG_1187

Dette bildet viser litt av det som befinner seg på lageret akkuratt no. Noko av dette er utgåtte farger og utgåtte kvaliteter (i alle fall en som eg veit om). Så snart eg får opna butikken så vil dette bli lagt ut på ryddesalg. Reknar med at eg også finn litt i broderiavdelinga som egnar seg til salg.

Før det så kjem eg til å legge ut en eller fleire konkurranser her på bloggen – der eg trekk vinnaren blant dei som er fylgjarar her på bloggen og på facebook. Så det er berre å fylgje med.

lørdag 18. juni 2011

Butikk

logoutkast

No nærmar det seg med stormskritt nyopning av Volda Mode. Den formelle overtakinga blir nok 1. juli, men i praksis har eg alt overteke butikken. No skal den ryddast slik at den kan pussast opp – det tek si tid å sortere å legge på rett plass på lageret alt garnet.

For ikkje å snakke om alt brodergarnet – det er berre flytta – for den avdelingen skal ned i den nyoppussa kjelleren. Et par smakebiter av litt av garnet:

Moulinegarn:

Litt av perlegarnet:

Dette er perlegarn nr 5 og nr 3. I tillegg så har eg perlegarn nr 8 og 12 + Anchor ullgarn og noko som heilter Lunagarn + + +

Litt sysaker og ikkje minst knappar finn du og i butikken:

Men inntil vidare:

onsdag 6. april 2011

Gult er kult!

Dette sitteunderlaget er kjapt å strikke! Eg har brukt Igloo garn kjøpt på Europris og heklenål nr 8. Det gjekk heilt fint – vart omlag riktig størrelse etter oppskrifta og.

IMG_1078

torsdag 31. mars 2011

Påskekylling og sitteunderlag

Fann ei artig oppskrift på småfuglar på ravelry som eg måtte prøve – her er resultatet – kan hende det blir fleire av desse, men det får vente til litt nærmare påske om det blir tid.

En fugl i hånden….

Har også strikka eit par sitteunderlag som eg har tova. Det eine har eg alt gitt bort og gløymde dessverre å ta bilde før eg gav det vekk – men her er det som eg ikkje har gitt bort enda:

søndag 20. mars 2011

Fargerik kjole

Eg skulle gjere ferdig nokre prosjekt før eg begynte på noko nytt, men no klarte eg ikkje halde meg lenger. Mitt ferskaste tantebarn må jo få seg ein kjole og kva passar vel bedre enn “Kjole til lillesøster” av Tora Frøseth.

lillesøsterkjole

Eg er ferdig med toppen og har igjen skjørtet. Strikker den i størrelse 6 mnd. Fasongen er slik at den kan brukast først som kjole og seinare som tunika og vest. Så sjølv om størrelsen er 6 mnd så er brukstida ganske lang.

tirsdag 15. mars 2011

Adventskalender del 2

Det går framover - her er bilder som eg tok når eg var ferdig med dei 7 første - no held eg på med nr 11.

søndag 13. mars 2011

Timmy tid

Det har vore karneval i barnehagen og poden fann ut at han ville vere Timmy (et lite lam fra barnetv), men den slags kostymer finnast ikkje - stort sett så får ein berre prinsesser og piratar og ein og annan ole brum i leikebutikkane på denne tida. Eit søk på Ravelry.com så kom eg over denne. Strikka i dobbelt Iglo garn fra Europris med pinner 15 mm så gikk det relativt raskt.






- og så glad er vi når vi kjem heim att fra barnehagen:


søndag 27. februar 2011

Lue og votter

Eg har strikka ei lue og et par votter i Free Style fra Dale til ein toåring. Håper settet passer og at han får brukt det.
IMG_0978

torsdag 24. februar 2011

Adventskalender!

No er det bevist! Eg kan vel ikkje vere heilt klok når eg byrjar å snakke om adventskalender i februar!!!

Før jul kom eg over dette heftet fra Dalegarn med den flotte adventskalenderen utanpå. Som heilt fersk strikkar innsåg eg temmelig fort mine begrensingar.

 

Men no har eg tenkt å begynne i god tid – så i dag har eg vore å kjøpt hefte og garn. Eg har egentlig lova meg sjølv å ikkje begynne på nokon nye prosjekt før eg har fått avslutta eit eller fleire prosjekt. Unnskyldninga mi er at eg gjorde ferdig eit prosjekt i går kveld (men det legg eg ikkje ut heilt endå…)

Her er kveldens arbeid!

IMG_0989

Baksida:

IMG_0990

Så målet no er å ha 24 slike minivotter ferdig før 1. desember!

onsdag 23. februar 2011

Award


Eg har fått denne flotte awarde fra Insomnias kreative kaos!
7 svar på 7 spørsmål;


1.Ta opp nærmeste bok og slå opp på side 18, linje 4. Hva står det der?  "Pen Tool brukes for å tegne kurver og sammenhengende linjer."

2.Hva var det siste du så på tv? The Pacific.

3.Bortsett fra datamaskinen, hva hører du nå? Nokre kollegaer som prater.

4.Når var du sist ute og hva gjorde du da? I dag når eg kom på jobb.
 
5.Hva har du på deg nå? Dongribukse, tunika og ei lett jakke.

6.Hva var den siste filmen du så?  Veit ikkje!

7.Skulle du overveie å flytte til utlandet? Nei, trives alt for godt her eg er.



Så skulle eg utfordre 7 andre bloggere :-)

Saltyquilt
Saltkråka
Britt og Zelante
Huset ved elva
Ariel
Husmorliv
Bråkebøtta

torsdag 17. februar 2011

Ei utfordring



Det blir alltid liggande arbeid som ikkje blir gjort ferdig – av ulike grunnar – kjøper inn garn og mønster, skal berre gjere ferdig noko anna. Byrjar på noko, så går det tomt for tråd, eller du er litt lei og byrjar på noko lite. Derfor så kom utfordringa fra Strikkeverden som bestillt. “Vi gjør ferdig 5 i 5 ned 5” . Altså bli ferdig med 5 UFOer innen den 5. mai (5 i 5). Eg har meldt meg på med fylgjande prosjekt:

Rett Vest til meg sjølv – sikkert godt og vel halvferdig.

Januar2011 023

Bunadsvest til poden – skal vere ferdig før 17. mai ev. før om vi skal i nokon festligheiter før. Slik så den ut ved påmeldingstidspunktet.

Januar2011 032

No er eg vel kommet litt lenger enn dette:

Picture0009

Eg har også meldt på denne, men den er eg veldig usikker på om vil bli strikka.

Januar2011 033

Av dette nøstet skal eg lage eit englemaskesjal – og er godt begynt, sjølv om eg ikkje var det her:

Januar2011 030

Eg held på å strikke storebroren til denne puffen, men gjekk tom for garn så eg ventar på at dei skal få inn att rett farge, eller ein farge som matchar.

Januar2011 002

Så tenkte eg at eg skulle prøve å bli ferdig med denne hekla veska – den skal monteres og hekles hank til.

Januar2011 031

Og tilslutt - rosevesten min som eg har blogga om før:


Eg er blitt tante

Ja, eg har jo vist ei stund at eg snart kom til å bli tante igjen, men eg viste ikkje om det skulle bli ei jente eller ein gut. I dag kom lisjejenta! Aldeles nydelig er ho Rødt hjerte i alle fall på dei bildene som eg har fått Smilefjes.

Eg har strikka sparkebukse som skal overleverast ved første anledning. Har ikkje festa knappane endå, for eg tenkte at det kunne vere lurt å prøve litt for å sjå kva dei må vere.

Detaljar:

Og sokkar må sjølvsagt frøkna ha og:

onsdag 16. februar 2011

Godt nytt år for strikking og hekling og andre kjekke ting

Seint, men godt. Eg har nok laga mange ting som eg burde hatt opp på bloggen min no. Laga mange julegåver, nokre har eg teke bilde av før eg gav vekk og andre gløymde eg.

Det har blitt mange vottepar. Flappvotter til meg og gubben. Votter til onkel til gubben, votter som skal bli ei bursdagsgåve, barnevotter til poden og søskenbarnet han og no held eg på med eit par barnevottar til – til ein liten gut som har mista alt då huset til familien hans brant ned til grunnen. Han skal også få ei matchande lue.

Elles så har eg hatt ei økt å strikka oppvaskklutar – som nokon sa til meg ein gong –”Dei beste tvågene er heimestrikka!” Den finaste er nok denne:

som er strikket i noko som kallast skyggestrikk eller illusjonsstrikk. brukar to fargar og rette og vrange masker for å få fram mønsteret.

Eg har også strikka to mariushuer. Den første strikka eg på eit pinnenummer mindre enn det som sto i oppskrifta, men då vart hua akkuratt passe til poden – så eg strikka ei til med rett pinnetjukkelse og den passa til meg:

Picture0019

Ellers så har eg lyst til å vise fram puffen som eg har hekla Smilefjes med åpen munn

Januar2011 001

Den er ikkje så veldig stor – for stolen og gitaren er poden sin Smilefjes som blunker. Eg har fyllt den med gamle handdukar så den vart fast og fin.