Det blir alltid liggande arbeid som ikkje blir gjort ferdig – av ulike grunnar – kjøper inn garn og mønster, skal berre gjere ferdig noko anna. Byrjar på noko, så går det tomt for tråd, eller du er litt lei og byrjar på noko lite. Derfor så kom utfordringa fra Strikkeverden som bestillt. “Vi gjør ferdig 5 i 5 ned 5” . Altså bli ferdig med 5 UFOer innen den 5. mai (5 i 5). Eg har meldt meg på med fylgjande prosjekt:
Rett Vest til meg sjølv – sikkert godt og vel halvferdig.
Bunadsvest til poden – skal vere ferdig før 17. mai ev. før om vi skal i nokon festligheiter før. Slik så den ut ved påmeldingstidspunktet.
No er eg vel kommet litt lenger enn dette:
Eg har også meldt på denne, men den er eg veldig usikker på om vil bli strikka.
Av dette nøstet skal eg lage eit englemaskesjal – og er godt begynt, sjølv om eg ikkje var det her:
Eg held på å strikke storebroren til denne puffen, men gjekk tom for garn så eg ventar på at dei skal få inn att rett farge, eller ein farge som matchar.
Så tenkte eg at eg skulle prøve å bli ferdig med denne hekla veska – den skal monteres og hekles hank til.
Og tilslutt - rosevesten min som eg har blogga om før:
Ja, ja, du blir nok ikke arbeidsledig første dagene ser det ut som. Jeg er helt enig, det var en nydelig lita prinsesse, gleder meg til å se henne på ordentelig. Ha en fin helg alle tre. Klem Tante Ruth.
SvarSlettWow! Ingrid, eg bøyer meg i støvet om du rekker alt dette innen 5. mai! Lykke til!
SvarSlett