torsdag 24. februar 2011

Adventskalender!

No er det bevist! Eg kan vel ikkje vere heilt klok når eg byrjar å snakke om adventskalender i februar!!!

Før jul kom eg over dette heftet fra Dalegarn med den flotte adventskalenderen utanpå. Som heilt fersk strikkar innsåg eg temmelig fort mine begrensingar.

 

Men no har eg tenkt å begynne i god tid – så i dag har eg vore å kjøpt hefte og garn. Eg har egentlig lova meg sjølv å ikkje begynne på nokon nye prosjekt før eg har fått avslutta eit eller fleire prosjekt. Unnskyldninga mi er at eg gjorde ferdig eit prosjekt i går kveld (men det legg eg ikkje ut heilt endå…)

Her er kveldens arbeid!

IMG_0989

Baksida:

IMG_0990

Så målet no er å ha 24 slike minivotter ferdig før 1. desember!

1 kommentar:

  1. Her er det ei som er tidlig ute ja! *knis* supersøt første kalendervott :) og du er helt fersk strikker? så flink med mønsterstrikk er ikke jeg...

    SvarSlett

Eg blir veldig glad om du legg igjen ein kommentar :)