søndag 21. november 2010

Votter

Poden held på å vokse ut av vottane som bestemora strikka i fjor. Pickles sitt lekeplass-sett såg veldig greit ut – dvs vottane. Kan hende det vert hue og hals seinare, men ikkje no. Strikka vottane i Pt5 på pinnar 3,5. Langt godt brot som ein kan brette ned eller dra godt oppover armene.
Edit: Vottane er strikka i str. 3-4 år, men med poden sine gode nevar så måtte dei vere såpass!
November2010 013
November2010 014

søndag 7. november 2010

Basargevinst

Sånn kan det gikk! I dag har vi hatt idrettslagsbasar og eg hadde strikka ein kjekkasgenser i str. 4 år til utloddinga. Tok mange lodd bl.a. nokre få på Andreas – som eg er tante til – gjett kven som vann den! Jo, da Andreas – Slit den med helsa – skal ta den med så snart vi treffast :D
November2010 012
November2010 010
Den er strikka etter mønster fra Pickles i Drops Nepal.