tirsdag 10. november 2009

Du nydelige land

Var litt tidlegare ferdig på jobb enn vanlig i dag og med det nydelege været, så fann eg ut at eg ville ta meg ein tur på

Sollidheida. Tok på meg fjellsko, putta mobilen og kamera i lomma og gjekk. Nyt!











tirsdag 3. november 2009

Det nærmar seg jul

Så var vi byrja på november og eg har ikkje skrevet eit einaste innlegg i oktober. Sommarprosjektet begynner å nærme seg ein slutt, har og hekla to par med tøfler og klipt stoff til ei bukse til poden. Så målet no er å få sluttført desse prosjekta i løpet av november! I tillegg så er eg med på ein nisserunde på eit forum eg vankar. Der skal vi lage ei gåve til ein av dei andre, vi har fått tildelt person og må prøve å finne ut kva denne personen ønsker seg utan at ho finn ut kven som lagar presang til henne. Til dette skal eg leite fram ei ullbukse som eg har gjort nesten ferdig tidlegare, kjem nok også til å sy eit par bleier. Skal denne gangen prøve å sy bleier som blir festa med trykknapper og ikkje med borrelås.

Sidan eg no vankar på eit par forum så dukkar det også opp nokre konkurransar innimellom. Denne gangen er det Æddabædda som har konkurranse. Ein relativt ny nettbutikk som sel tøybleier, treleiker og bæretøy. Sjå her kva eg kan vinne:

Du får den i mange forskjellige fargar. Apple Cheeks-bleiene er nye i Norge og eg har ikkje prøvd dei. Alltid spennande å prøve noko nytt.

onsdag 30. september 2009

Mitt sommerprosjekt som vart haustprosjekt

I sommar når vi skulle på ferie så fann eg ut at eg måtte ha med meg eit handarbeid, for vi kom til å bli ganske bundne til rommet/hytta på kveldane når poden var i seng.

Kom over mønster til ein tunika i eit ukeblad, det er denne tunikaen: Eg har valgt å lage den i brunt med nokre limefarga rader innimellom.

No er eg ferdig med bakstykket og held på med "skjørtet" på framstykket. Det skal ikkje vere så veldig mange radene igjen før eg byrjar på "bryststykket".

Tenkte at om eg la ut omtale her så fekk eg kanskje det "sparket" eg treng for å gjere meg ferdig.

Målet må vere å få den ferdig i god tid før jul slik at eg også rekk å lage nokre julegåver.

tirsdag 22. september 2009

Tøybleier

Vi har no vore heiltids tøybleiebrukarar på gutungen i over eit år. For det meste brukar vi lommebleier som vi stappar med bambus og/eller microfiber innlegg. På natt brukar vi formsydde bleier. Totalt så har vi sikkert alt for mange bleier, men der er så mange fine. Trur mange er redd for at det er mykje ekstraarbeid med tøybleier, men totalt sett så er det nok ikkje så mange ekstra minutt i veka. Vaskemaskina gjer jobben og bleieskift er bleieskift uansett.

Vi valgte vel tøybleier først og fremst fordi eg var nysgjerrig på korleis dette fungerte og litt på grunn av miljøet. Vi fortsatte med tøybleier fordi vi såg at dette var godt for huda til gutungen. Tenk å slippe alle dei kjemikaliane som er i engangsbleiene!

Dessutan er det ikkje til å komme forbi at det er litt gøy med tøybleiene, det er så masse fine mønster og ulike fasonger.

Tilslutt litt nerding av tøybleieskuffa :D

Det er vel komne nokon fleire bleier sidan bildet vart teke, men dei finn du bilder av lenger nede i bloggen :p

mandag 14. september 2009

Val

Så nærmar det seg eit sluttresultat av årets val. Grønn som eg er hadde eg sjølvsagt håpa på eit grønnare resultat enn det det ser ut til å bli. Forhåpentligvis får vi likevel ei regjering som er opptatt av miljø og distriktsvennlig utvikling. Då eg byrja å skrive så hadde eg nokre store tankar som eg hadde tenkt å få ned, men eg trur at no kallar senga for plutselig var det som blåst ut. På TV'en så durer valgresultatatene fram og partileiarane uttaler seg både slik og sånn. Erna og Jens har vel uansett gjort eit godt val, gratulerer.

lørdag 12. september 2009

Produktiv

Når eg først kom igang med å sy bleier så var det igrunn moro. Så i forgårs sydde eg ei bilbleie. I dag når eg kom heim så låg pakken fra Lykkedragen i postkassa. Masse fine stoffer som no skal bli bl.a. bleier og bleieposer. I kveld har eg då sydd ei bleie i grønn gelato med innside av microchamois. Tilsist så har eg med eit bilde av begge bleiene og ein av bleieposane som eg sydde til barnehagestart.

onsdag 9. september 2009

Meir sying


Forrige veke sydde eg ein haug med bleieinnlegg - som eg bytta vekk og fekk ei onesize HappyHeiny bleie med apekatter.

I tillegg så har eg endelig tørt å gå laus å klippe mønster til lommebleier. Eg brukte WeeWeka mønsteret i L. Stoffet er kjøpt hos Lykkedragen.





torsdag 3. september 2009

Ny barneutstyrsbutikk i Volda

No er det ikkje lenge før Hurlumhei skal åpne. Ut fra det eg har sett så kjem dei til å ha eit spennande utval. Kan ikkje seie anna enn at det er på tide at det kjem ein barneutstyrsbutikk i Volda igjen.

Lurer på om ikkje dei kjem til å ta inn tøybleier og - såg slik ut på nettsidene deira. No er det forresten konkurranse i bloggen deira og.

tirsdag 25. august 2009

Då var permisjonen slutt

Tilbake på arbeid. Det var egentlig ikkje så ille, bortsett fra det med å komme seg opp om morgonen når ein har vore oppe tre gongar i løpet av natta. Skal ha ei klasse som skal jobbe med Ungdomsbedrift - det blir spennande å sjå kva slags produkt dei endar opp med i år. Elles skal eg ha ei klasse i IT og ei i matte.

Gutungen ser ut til å trives i barnehagen og det er no endå godt så slepp eg å ha alt for dårlig samvittigheit for han. Siste veka har det vore stort sett berre jobbing - men håper eg skal få litt tid etterkvart til å både sy og hekle. Har litt for mange UFO ar liggande...

fredag 31. juli 2009

Ferie, bursdagar og barndåp

Ferie
Tydelig at det har vore sommar og ferie. Dårlig med oppdateringar her i det siste. Ferieturen i år enda på Hardangervidda - nærmare bestemt Dagalifjellet - der har vi funnet vår plass: Torsetlia. Stille og fredelig - masse fine turmuligheiter og heilt ypperlig for små barn. Vi var der i to netter, men eg tenker at neste gang vi reiser dit så blir det nok fleire. Det er ikkje meir enn 45 min å køyre til Langedrag.

Barnehagestart, bursdag og
barndåp
No sit eg og lurer på om det er noko som vi må skaffe før poden skal byrje i barnehagen om halvanna veke, samme dag som søskenbarnet hans blir 4 år. Helga etter er det barndåp. Så no sit eg og studerer ulike nettbutikkar for å prøve å få nokon gode idear. Til bursdagsbarnet og dåpsbarnet (brødre) vurderer eg Rubens barn fra Vidunderbarn. På ein måte kunne eg tenkt å kjøpe det til både min egen og alle dei tre fetterane hans. Er dei ikkje søte:



Elles så er vel også desse Opp og Lek tavlene gode idear til både bursdag og dåpsbarn... hmm - får tenke litt.

torsdag 2. juli 2009

Hagetid

Sol sommer og hagetid. Vi er endelig kommet igang igjen med hagen. I går plukka vi stein til den store gullmedalje, til og med poden var med å plukka stein. Naboen som slår markane kom i går og fekk slått av så då fekk vi slått i frukthagen i dag. No skal det berre køyrast vekk. Det var så mykje ugras i det at bonden ville ikkje ha det. Vi får vel kanskje prøve å holde det litt nede med grasklipparen resten av sommaren tenker eg.

Skal lage til litt meir jordbæråker og. Grønnsakhage og blomsterbed. Har fått brote opp jorda og plukka stein og ein del ugras. Så no er det snart klart til å plantast.

Ellers så fann vi dei første jordbæra i dag. Det er ikkje så store flekken vi har enda, men gode er dei :D

fredag 26. juni 2009

Har sydd litt igjen

Har sydd ei limefarga selebukse til poden, men den ble litt stor så eg måtte ta den igjen. Har også sydd ein matchande genser til den turkise selebuksa som eg sydde til nevøen min. Har og eit prosjekt der eg har leita opp eit gamalt dynetrekk og prøver meg på den berømmelige Ulla-kjolen.

Bilder kommer snart ...

torsdag 28. mai 2009

Tid

Tid er noko rart noko.
Tida går og tida kjem.
Kva du gjer ut av tida di er det som gjev livet meining.

onsdag 27. mai 2009

Min første applikasjon

Ja, eg ser så mange stilige applikasjonar rundtom i andre sine bloggar at no måtte eg berre prøve meg. Har sydd ei enkel selebukse i babycord og klippa på frihånd ut ein bil i brun babycord. Brukte ein av applikasjonssømmane på maskina. Til å vere første gang så synest eg det vart ikkje så verst.

Bambusvelour

Kva kan ein sy av bambusvelour. I utgangspunktet så kjøpte eg dette hos ein butikk som sel tilbehør og stoff til bleier og bambusvelour er deilig inn mot huda i tøybleier og tøybind. Stoffet er deilig mjukt og eg tenkte at dette må kunne brukast til noko meir. Og sidan eg nettopp har blitt tante til ein liten gut så tenkte eg at ei sparkebukse måtte vere tingen. Eg har kanta den med jersey fra Stoff og stil og knappane fann eg i syskrinet som eg arva etter mormor.

tirsdag 26. mai 2009

Let's start


Når eg først bestemte meg for at nuh skulle eg lære meg å bruke symaskina så måtte eg skaffe meg mønster og stoff. Fra Capris bestilte eg Børnetøj du selv kan sy 0-4 år og fra Stoff og Stil bestilte eg babycord og ribb. Fra Lykkedragen.no bestilte eg bambusvelour og bambus interlock.

1. Selebukse

Mønster med utgangspunkt i selebuksa i boka Børnetøj du selv kan sy. sydd i brun babycord og med lime ribb i beina.

2. Smekkeskjerf og trøye

Mønster i Alt om håndarbeide lånt av min svigermor. Sydd av bambusinterlock. Baksida av smekka har ein rest med fleece som eg fann i resteposen hos svigermor.



lørdag 23. mai 2009

Min symaskin


Eg syr på ei Janome DC 4100 som eg kjøpte hausten 2008. Har nesten ikkje brukt den før no når eg bestemte meg for at no må eg berre lære meg å bruke den.

onsdag 20. mai 2009

Mine sysaker

Har leita fram symaskina, begynt å lære meg å bruke den og blitt masse inspirert av andre som legg ut det dei syr, strikkar, heklar eller lagar på andre måtar. Tenkte eg skulle prøve eg og.