onsdag 16. februar 2011

Godt nytt år for strikking og hekling og andre kjekke ting

Seint, men godt. Eg har nok laga mange ting som eg burde hatt opp på bloggen min no. Laga mange julegåver, nokre har eg teke bilde av før eg gav vekk og andre gløymde eg.

Det har blitt mange vottepar. Flappvotter til meg og gubben. Votter til onkel til gubben, votter som skal bli ei bursdagsgåve, barnevotter til poden og søskenbarnet han og no held eg på med eit par barnevottar til – til ein liten gut som har mista alt då huset til familien hans brant ned til grunnen. Han skal også få ei matchande lue.

Elles så har eg hatt ei økt å strikka oppvaskklutar – som nokon sa til meg ein gong –”Dei beste tvågene er heimestrikka!” Den finaste er nok denne:

som er strikket i noko som kallast skyggestrikk eller illusjonsstrikk. brukar to fargar og rette og vrange masker for å få fram mønsteret.

Eg har også strikka to mariushuer. Den første strikka eg på eit pinnenummer mindre enn det som sto i oppskrifta, men då vart hua akkuratt passe til poden – så eg strikka ei til med rett pinnetjukkelse og den passa til meg:

Picture0019

Ellers så har eg lyst til å vise fram puffen som eg har hekla Smilefjes med åpen munn

Januar2011 001

Den er ikkje så veldig stor – for stolen og gitaren er poden sin Smilefjes som blunker. Eg har fyllt den med gamle handdukar så den vart fast og fin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir veldig glad om du legg igjen ein kommentar :)