mandag 18. oktober 2010

En gang må vere den første!

Eg har no virkelig fått prøvd meg på å strikke. Ved godt mot la eg opp til ein raglangenser størrelse 4 år i fra Nøstebarnboka. Brukte Safirgarn fra Sparkjøp og litt knoting undervegs og litt “fiksing og triksing” til slutt for å sjule eit par hol som “heilt av seg sjølv” – så vart vel sluttresultatet ganske bra synest eg.

Oktober2010 044 

Oktober2010 046

I same renna så fann eg ut at NO skulle eg også prøve å strikke sokkar – noko eg heller aldri før har prøvd meg på. Fann meg ei oppskrift og la opp sånn omtrent passe til meg sjølv – tenkte eg. Når eg då undervegs i oppskrifta bommar og sokken blir MYKJE større enn eg har tenkt – så passar den akkuratt til gubben.  Neste etappe var å lage ein til som vart omlag lik. – Trur jammen eg fekk til det og. Største forskjellen er i avsluttinga på tåa – den første gjorde eg ein feil på og måtte sy igjen tåa – den andre har eg gjort rett på og “snurpa” sammen tåa.

Oktober2010 051

Oktober2010 049