søndag 7. mars 2010

Rydding i heklekorga

På loftet inni eit skap har eg ei korg med masse heklegreier. Det er ei stund sidan eg såg etter kva som låg der og kom over korga her ein dag. Når eg byrja å rote nedi den så fann eg mange nesten ferdige prosjekt, dvs det mangla kun å feste trådar og stryking.

Berre sjå her:
- gul påskeduk
- to raude stjerner til å henge på juletreet
- to små raude brikker
- raud brikke med åttebladsrose
- en ferdig gryteklut (og ein halvferdig ligg igjen, men den blir nok tatt fram no for å gjerast ferdig)



Eg fann og ein litt større duk, som er hekla i noko som vart kalla hardanger hekling - sikkert fordi det ferdige resultatet minner veldig om hardangersøm. Den er hekla i litt tjukkare garn enn dukane og brikkene over. Trur det må vere Solberg 12/4 e.l.