onsdag 30. september 2009

Mitt sommerprosjekt som vart haustprosjekt

I sommar når vi skulle på ferie så fann eg ut at eg måtte ha med meg eit handarbeid, for vi kom til å bli ganske bundne til rommet/hytta på kveldane når poden var i seng.

Kom over mønster til ein tunika i eit ukeblad, det er denne tunikaen: Eg har valgt å lage den i brunt med nokre limefarga rader innimellom.

No er eg ferdig med bakstykket og held på med "skjørtet" på framstykket. Det skal ikkje vere så veldig mange radene igjen før eg byrjar på "bryststykket".

Tenkte at om eg la ut omtale her så fekk eg kanskje det "sparket" eg treng for å gjere meg ferdig.

Målet må vere å få den ferdig i god tid før jul slik at eg også rekk å lage nokre julegåver.

tirsdag 22. september 2009

Tøybleier

Vi har no vore heiltids tøybleiebrukarar på gutungen i over eit år. For det meste brukar vi lommebleier som vi stappar med bambus og/eller microfiber innlegg. På natt brukar vi formsydde bleier. Totalt så har vi sikkert alt for mange bleier, men der er så mange fine. Trur mange er redd for at det er mykje ekstraarbeid med tøybleier, men totalt sett så er det nok ikkje så mange ekstra minutt i veka. Vaskemaskina gjer jobben og bleieskift er bleieskift uansett.

Vi valgte vel tøybleier først og fremst fordi eg var nysgjerrig på korleis dette fungerte og litt på grunn av miljøet. Vi fortsatte med tøybleier fordi vi såg at dette var godt for huda til gutungen. Tenk å slippe alle dei kjemikaliane som er i engangsbleiene!

Dessutan er det ikkje til å komme forbi at det er litt gøy med tøybleiene, det er så masse fine mønster og ulike fasonger.

Tilslutt litt nerding av tøybleieskuffa :D

Det er vel komne nokon fleire bleier sidan bildet vart teke, men dei finn du bilder av lenger nede i bloggen :p

mandag 14. september 2009

Val

Så nærmar det seg eit sluttresultat av årets val. Grønn som eg er hadde eg sjølvsagt håpa på eit grønnare resultat enn det det ser ut til å bli. Forhåpentligvis får vi likevel ei regjering som er opptatt av miljø og distriktsvennlig utvikling. Då eg byrja å skrive så hadde eg nokre store tankar som eg hadde tenkt å få ned, men eg trur at no kallar senga for plutselig var det som blåst ut. På TV'en så durer valgresultatatene fram og partileiarane uttaler seg både slik og sånn. Erna og Jens har vel uansett gjort eit godt val, gratulerer.

lørdag 12. september 2009

Produktiv

Når eg først kom igang med å sy bleier så var det igrunn moro. Så i forgårs sydde eg ei bilbleie. I dag når eg kom heim så låg pakken fra Lykkedragen i postkassa. Masse fine stoffer som no skal bli bl.a. bleier og bleieposer. I kveld har eg då sydd ei bleie i grønn gelato med innside av microchamois. Tilsist så har eg med eit bilde av begge bleiene og ein av bleieposane som eg sydde til barnehagestart.

onsdag 9. september 2009

Meir sying


Forrige veke sydde eg ein haug med bleieinnlegg - som eg bytta vekk og fekk ei onesize HappyHeiny bleie med apekatter.

I tillegg så har eg endelig tørt å gå laus å klippe mønster til lommebleier. Eg brukte WeeWeka mønsteret i L. Stoffet er kjøpt hos Lykkedragen.





torsdag 3. september 2009

Ny barneutstyrsbutikk i Volda

No er det ikkje lenge før Hurlumhei skal åpne. Ut fra det eg har sett så kjem dei til å ha eit spennande utval. Kan ikkje seie anna enn at det er på tide at det kjem ein barneutstyrsbutikk i Volda igjen.

Lurer på om ikkje dei kjem til å ta inn tøybleier og - såg slik ut på nettsidene deira. No er det forresten konkurranse i bloggen deira og.