Som eg har skrevet på Facebook så vart det klart onsdag at å bli ferdig til fredag var berre ikkje mulig. Handverkarane måtte ta “nødoppgåver” – les vasslekasje andre stadar før dei kunne fortsette i butikken hos meg. Men no har dei lova at dei berre må verte ferdige i løpet av i morgon fredag.
No blir det opning mandag kl 10.00! Annonsa kjem i Møre på laurdag så då må handverkarane berre verte ferdige!
I dag har eg vore å henta nytt – brukt inventar i ein butikk som stengde dørene i dag. Eg får truleg noko meir, men det måtte ryddast litt meir før det var klart. Ein ting er i alle fall sikkert – dette blir lekkert!!! Var så sliten når vi var ferdige at eg gløymde heilt å ta bilder – så det får bli i morgon.
Husk give away og vervekonkurransen på Facebook. Akkuratt no så har sida til Volda Mode fått utrulege 85 likarar og det manglar berre 15! Før det blir trekning.
Oy da, håper du får sove godt inatt da, så du er uthvilt til siste innspurt. Gleder meg til å se hvor fint det blir. Lykke til. Klem tante Ruth.
SvarSlett