torsdag 28. mai 2009

Tid

Tid er noko rart noko.
Tida går og tida kjem.
Kva du gjer ut av tida di er det som gjev livet meining.

onsdag 27. mai 2009

Min første applikasjon

Ja, eg ser så mange stilige applikasjonar rundtom i andre sine bloggar at no måtte eg berre prøve meg. Har sydd ei enkel selebukse i babycord og klippa på frihånd ut ein bil i brun babycord. Brukte ein av applikasjonssømmane på maskina. Til å vere første gang så synest eg det vart ikkje så verst.

Bambusvelour

Kva kan ein sy av bambusvelour. I utgangspunktet så kjøpte eg dette hos ein butikk som sel tilbehør og stoff til bleier og bambusvelour er deilig inn mot huda i tøybleier og tøybind. Stoffet er deilig mjukt og eg tenkte at dette må kunne brukast til noko meir. Og sidan eg nettopp har blitt tante til ein liten gut så tenkte eg at ei sparkebukse måtte vere tingen. Eg har kanta den med jersey fra Stoff og stil og knappane fann eg i syskrinet som eg arva etter mormor.

tirsdag 26. mai 2009

Let's start


Når eg først bestemte meg for at nuh skulle eg lære meg å bruke symaskina så måtte eg skaffe meg mønster og stoff. Fra Capris bestilte eg Børnetøj du selv kan sy 0-4 år og fra Stoff og Stil bestilte eg babycord og ribb. Fra Lykkedragen.no bestilte eg bambusvelour og bambus interlock.

1. Selebukse

Mønster med utgangspunkt i selebuksa i boka Børnetøj du selv kan sy. sydd i brun babycord og med lime ribb i beina.

2. Smekkeskjerf og trøye

Mønster i Alt om håndarbeide lånt av min svigermor. Sydd av bambusinterlock. Baksida av smekka har ein rest med fleece som eg fann i resteposen hos svigermor.



lørdag 23. mai 2009

Min symaskin


Eg syr på ei Janome DC 4100 som eg kjøpte hausten 2008. Har nesten ikkje brukt den før no når eg bestemte meg for at no må eg berre lære meg å bruke den.

onsdag 20. mai 2009

Mine sysaker

Har leita fram symaskina, begynt å lære meg å bruke den og blitt masse inspirert av andre som legg ut det dei syr, strikkar, heklar eller lagar på andre måtar. Tenkte eg skulle prøve eg og.