fredag 27. august 2010

Fra ein hemmelig venn

På eit av foruma som eg frekventerer ganske ofte så har vi fra tid til anna ei runde med hemmelig venn. Denne runden var temaet gave til mor. Her er kva eg har fått. Kva eg gav bort får vente til etter at vi er ferdig med eventuell avsløring.

“Mamma pakke lole mannus?” , nei dette er pakke til mamma.

vår og sommar 2010 338

“Ka e ditta?”

vår og sommar 2010 339

Nydelig heimesydd veske!

vår og sommar 2010 340

Heimestrikka kjøkkenklut!

vår og sommar 2010 343

vår og sommar 2010 345

Kaffe, blå java :D

vår og sommar 2010 344

Give away hos Projo-Produkter

Du kan vinne masse fine hobbyartikler hos Projo-produkter.

onsdag 25. august 2010

Til ein kollega

Eg har altså fått heilt dilla på englemasker – dei er raske og hekle og aldeles nydelige. Sjal i englemasker kan brukast som sjal over skuldrane ein kjølig dag eller tullast rundt halsen som eit skjerf! Sammen med pulsvanter kan ein godt sitte på eit halvkjølig kontor og jobbe ei stund!

vår og sommar 2010 330

vår og sommar 2010 326

Sjalet er hekla i svart Faerytale med koksgrå kant.

vår og sommar 2010 325

Pulsvantene er hekla i Sandnes alpakka trur eg det var for eg fann ikkje svart Mirasol på butikken der eg brukar å kjøpe garn.

vår og sommar 2010 328

Og så må eg berre legge ved eit bilde av trappa mi – synest den vart så fin .

vår og sommar 2010 331

fredag 13. august 2010

Bursdagspresang

vår og sommar 2010 294
Til kusina mi, og ja, det vart endå eit englemaskesjal hekla i faerytale fra Du store alpakka. I tillegg så har eg hekla pulsvanter modifisert og tilpassa garnet etter ei oppskrift eg fann på Ravelry.com. Desse er hekla i Mirasol også fra Du store Alpakka. Øverst på desse skulle det vere krepsemasker – så då har eg lært det og. Eit par bilder til:
vår og sommar 2010 292
vår og sommar 2010 289
vår og sommar 2010 288

Oppskrift på babykjole i englemasker

Oppskrifta fann eg via Ravelry og er tilgjengeleg her. Tenkte eg skulle spørre dama om eg kunne oversette den til norsk og publisere den.

tirsdag 10. august 2010

Meir englemasker

Eg var ikkje ferdig med englemaskene! Etter litt søk på Ravelry så kom eg over oppskrift på ein babykjole med englemasker. Eg måtte sjølvsagt prøve korleis dette vart – passa jo heilt supert i og med at naboen nettopp hadde fått seg ei lita jente.
vår og sommar 2010 129
vår og sommar 2010 122
vår og sommar 2010 128

Englemasker, englemasker og englemasker

Endelig har eg fått lasta inn bilder fra kameraet – nærmare 350 bilder!!! Skal prøve å få lagt inn ting i nokonlunde kronologisk rekkefølge, men veit ikkje om det går heilt.
Eg hadde sett bilder av fleire sjal hekla i englemasker og dess synest eg var så fine at denne teknikken måtte eg berre lære meg. Oppskrift og kurs fann eg på Felisis sin blogg. Dei to første sjala er hekla i lys lys lilla Faerytale fra Du store alpakka.
vår og sommar 2010 099
Berre sjå kor fine maskene er:
vår og sommar 2010 101
Svigerinna mi fekk eit av desse sjala og det andre fekk mamma. Mamma fekk i tillegg eit som er hekla i garn fra Fotrama. Dette garnet er mykje tynnare og eg har også laga mindre masker i det.
vår og sommar 2010 299
vår og sommar 2010 298
Etter desse tre sjala så måtte eg hekle eit til meg sjølv, det skulle passe til kjolen som eg hadde kjøpt for å bruke i bryllupene som vi var invitert til i sommar. Dette sjalet er hekla i garn fra Schulana – kid seta. Det er ei blanding av silke og merino og er utruleg tynt og lett garn.
vår og sommar 2010 109
På dei første sjala laga eg ei avslutting av vanlige luftmaskebuer. No prøvde eg meg med avslutting med englemasker – eg synest det vart veldig fint :D
vår og sommar 2010 110