tirsdag 10. august 2010

Englemasker, englemasker og englemasker

Endelig har eg fått lasta inn bilder fra kameraet – nærmare 350 bilder!!! Skal prøve å få lagt inn ting i nokonlunde kronologisk rekkefølge, men veit ikkje om det går heilt.
Eg hadde sett bilder av fleire sjal hekla i englemasker og dess synest eg var så fine at denne teknikken måtte eg berre lære meg. Oppskrift og kurs fann eg på Felisis sin blogg. Dei to første sjala er hekla i lys lys lilla Faerytale fra Du store alpakka.
vår og sommar 2010 099
Berre sjå kor fine maskene er:
vår og sommar 2010 101
Svigerinna mi fekk eit av desse sjala og det andre fekk mamma. Mamma fekk i tillegg eit som er hekla i garn fra Fotrama. Dette garnet er mykje tynnare og eg har også laga mindre masker i det.
vår og sommar 2010 299
vår og sommar 2010 298
Etter desse tre sjala så måtte eg hekle eit til meg sjølv, det skulle passe til kjolen som eg hadde kjøpt for å bruke i bryllupene som vi var invitert til i sommar. Dette sjalet er hekla i garn fra Schulana – kid seta. Det er ei blanding av silke og merino og er utruleg tynt og lett garn.
vår og sommar 2010 109
På dei første sjala laga eg ei avslutting av vanlige luftmaskebuer. No prøvde eg meg med avslutting med englemasker – eg synest det vart veldig fint :D
vår og sommar 2010 110

1 kommentar:

  1. Kan bare bekrefte at det er nydelig :-) Tusen takk enda en gang :-)

    SvarSlett

Eg blir veldig glad om du legg igjen ein kommentar :)