Eg hadde sett bilder av fleire sjal hekla i englemasker og dess synest eg var så fine at denne teknikken måtte eg berre lære meg. Oppskrift og kurs fann eg på Felisis sin blogg. Dei to første sjala er hekla i lys lys lilla Faerytale fra Du store alpakka.
![vår og sommar 2010 099 vår og sommar 2010 099](http://lh5.ggpht.com/_Dap47ADNdSY/TGG4uSISr5I/AAAAAAAAAK8/TYruPvhQb3w/v%C3%A5r%20og%20sommar%202010%20099_thumb.jpg?imgmax=800)
Berre sjå kor fine maskene er:
![vår og sommar 2010 101 vår og sommar 2010 101](http://lh5.ggpht.com/_Dap47ADNdSY/TGG4wkpZE-I/AAAAAAAAALE/unBAmgrasv4/v%C3%A5r%20og%20sommar%202010%20101_thumb.jpg?imgmax=800)
Svigerinna mi fekk eit av desse sjala og det andre fekk mamma. Mamma fekk i tillegg eit som er hekla i garn fra Fotrama. Dette garnet er mykje tynnare og eg har også laga mindre masker i det.
![vår og sommar 2010 299 vår og sommar 2010 299](http://lh3.ggpht.com/_Dap47ADNdSY/TGG4yT4g72I/AAAAAAAAALM/kj17hm5thUg/v%C3%A5r%20og%20sommar%202010%20299_thumb.jpg?imgmax=800)
![vår og sommar 2010 298 vår og sommar 2010 298](http://lh4.ggpht.com/_Dap47ADNdSY/TGG4z4T3WII/AAAAAAAAALU/OUSLjOsumNM/v%C3%A5r%20og%20sommar%202010%20298_thumb.jpg?imgmax=800)
Etter desse tre sjala så måtte eg hekle eit til meg sjølv, det skulle passe til kjolen som eg hadde kjøpt for å bruke i bryllupene som vi var invitert til i sommar. Dette sjalet er hekla i garn fra Schulana – kid seta. Det er ei blanding av silke og merino og er utruleg tynt og lett garn.
![vår og sommar 2010 109 vår og sommar 2010 109](http://lh5.ggpht.com/_Dap47ADNdSY/TGG42D1LH3I/AAAAAAAAALc/dNW6T7ToNjA/v%C3%A5r%20og%20sommar%202010%20109_thumb.jpg?imgmax=800)
På dei første sjala laga eg ei avslutting av vanlige luftmaskebuer. No prøvde eg meg med avslutting med englemasker – eg synest det vart veldig fint :D
![vår og sommar 2010 110 vår og sommar 2010 110](http://lh5.ggpht.com/_Dap47ADNdSY/TGG44bk2C0I/AAAAAAAAALk/t-ERX9xGsd0/v%C3%A5r%20og%20sommar%202010%20110_thumb.jpg?imgmax=800)
Kan bare bekrefte at det er nydelig :-) Tusen takk enda en gang :-)
SvarSlett