Edit: Vottane er strikka i str. 3-4 år, men med poden sine gode nevar så måtte dei vere såpass!
søndag 21. november 2010
Votter
Edit: Vottane er strikka i str. 3-4 år, men med poden sine gode nevar så måtte dei vere såpass!
søndag 7. november 2010
Basargevinst
Den er strikka etter mønster fra Pickles i Drops Nepal.
mandag 18. oktober 2010
En gang må vere den første!
Eg har no virkelig fått prøvd meg på å strikke. Ved godt mot la eg opp til ein raglangenser størrelse 4 år i fra Nøstebarnboka. Brukte Safirgarn fra Sparkjøp og litt knoting undervegs og litt “fiksing og triksing” til slutt for å sjule eit par hol som “heilt av seg sjølv” – så vart vel sluttresultatet ganske bra synest eg.
I same renna så fann eg ut at NO skulle eg også prøve å strikke sokkar – noko eg heller aldri før har prøvd meg på. Fann meg ei oppskrift og la opp sånn omtrent passe til meg sjølv – tenkte eg. Når eg då undervegs i oppskrifta bommar og sokken blir MYKJE større enn eg har tenkt – så passar den akkuratt til gubben. Neste etappe var å lage ein til som vart omlag lik. – Trur jammen eg fekk til det og. Største forskjellen er i avsluttinga på tåa – den første gjorde eg ein feil på og måtte sy igjen tåa – den andre har eg gjort rett på og “snurpa” sammen tåa.
søndag 19. september 2010
Enkel vest
Kom over denne oppskrifta inne på sidene til Picles – og sidan eg er for nybyrjar å rekne når det gjeld strikking så tenkte eg at dette var eit passe nybegynnerprosjekt. Den er strikka i str. 1 år og i Nepal fra Drops.
Som oppvarming til denne vesten så strikka eg skjerf til poden:
Enkel hekla veske
Englemaskesjal nr 7 og 8
Det 8. gløymde eg rett og slett å ta bilder av – det fekk den andre svigerinna mi. Det også er hekla i Faerytale fra Du store Alpakka. Her er fargen i alle fall.
onsdag 15. september 2010
Snart jul???
Om tre månadar er det kun 10 dagar igjen til jul! Ganske lenge egentlig, men dersom eg planlegg å lage mange av julegåvene i år – ja då er det ikkje meir tid enn det som trengs. Så mitt spørsmål i dag er kort og godt kva ønsker du deg til jul som eg kan hekle, (strikke), sy eller kanskje bake?
Legg gjerne igjen ein kommentar sjølv om du ikkje forventar julegåve fra meg – eg er på jakt etter dei gode ideane!