søndag 19. september 2010

Enkel vest

Kom over denne oppskrifta inne på sidene til Picles – og sidan eg er for nybyrjar å rekne når det gjeld strikking så tenkte eg at dette var eit passe nybegynnerprosjekt. Den er strikka i str. 1 år og i Nepal fra Drops.

September 2010 019

September 2010 020

Som oppvarming til denne vesten så strikka eg skjerf til poden:

September 2010 024

Enkel hekla veske

Eg har hekla eit par vesker her er den første. Hekla i tjukt garn og med stor heklenål – sydd sammen og tova lett i vaskemaskina. Bildene er teke før eg tova den – fann ut at eg måtte enten sy i for eller tove den for å få den litt tettar og fastare. Det er lomme til mobiltelefonen inni.
vår og sommar 2010 332
vår og sommar 2010 334

Englemaskesjal nr 7 og 8

Dette er ting som har vore ferdige og gitt bort for lenge sidan, men eg har ikkje fått rota meg til å legge det ut før no. På eit forum som eg er hadde vi ein hemmelig venn runde – der laga eg eit englemaskesjal, pulsvanter og masse hekla blomster som ho kan bruke som pynt på kleda som ho syr.
vår og sommar 2010 320
vår og sommar 2010 321
vår og sommar 2010 323
Det 8. gløymde eg rett og slett å ta bilder av – det fekk den andre svigerinna mi. Det også er hekla i Faerytale fra Du store Alpakka. Her er fargen i alle fall.

onsdag 15. september 2010

Snart jul???

Om tre månadar er det kun 10 dagar igjen til jul! Ganske lenge egentlig, men dersom eg planlegg å lage mange av julegåvene i år – ja då er det ikkje meir tid enn det som trengs. Så mitt spørsmål i dag er kort og godt kva ønsker du deg til jul som eg kan hekle, (strikke), sy eller kanskje bake?

Legg gjerne igjen ein kommentar sjølv om du ikkje forventar julegåve fra meg – eg er på jakt etter dei gode ideane!

pepperkaker

onsdag 8. september 2010

Luer

Eg har prøvd å finne ei oppskrift på hekla lue som ikkje er feminin… no trur eg at eg har funnet den – på Ravelry.com.

September 2010 008

Ifølge oppskrifta kunne eg lage enten “spiraling cables” eller “straight cables” – synest at straight cables var mest “mandig” og resultatet vart som på bildet over. Brukte Cortina fra Sparkjøp og heklenål 6 mm. Så i tillegg til at eg ikkje fekk det mønsteret som eg hadde tenkt vart den for lita. Så då var det berre å prøve igjen med det andre mønsteret – samme garn og heklenål 7 mm. No vart resultatet slik:

September 2010 009

- og gubben vart fornøgd :D

September 2010 011

Rosevest – nesten ferdig

Sommerens prosjekt har vore rosevest fra boka Hekling i sommersl av Olaug Kleppe. No er eg ferdig med alle rosene og har montert dei sammen. No gjenstår det å feste tråder og å hekle rundt. Tenker eg skal prøve å få festa alle trådene før eg hekler rundt slik at den er FERDIG når eg har hekla rundt.

September 2010 014

Nok trådar å feste, sjølv om eg har festa mange…

September 2010 012

September 2010 013