lørdag 30. mars 2013

Trekning av påskestrikk

Heile 23 kjekke damer delte påskestrikket med oss på Volda Mode si facebookside. Eg skreiv opp kvar enkelt og gav dei eit nummer fra 1 – 23 og brukte deretter www.random.org til å trekke. Der fekk eg 15 og når eg sjekka lista mi så fann eg:

Dagrun Rundereim Torsvik

GRATULERER så masse. Du må sende meg adressa di så dukkar det opp to nøster med Fame Trend paljett og ei oppskrift som passar til garnet!

No skulle eg sjølvsagt lagt inn eit flott bilde av premien, men dessverre så har kameraledningen min reist på ferie utan å sei fra kor den har dratt, så derfor berre eit illustrasjonsbilde som viser garnet.

Fame_trend_paljett_huvudbild

GOD PÅSKE TIL ALLE DEI KJEKKE KUNDANE MINE!

torsdag 21. mars 2013

Påskestrikk, giveaway og nettbutikk

Her har eg lagt opp til votter i Dale Alpakka etter oppskrift fra hefte 275 Vår og Påske. Med desse fargane skin sola uansett vær. Kva skal du strikke på i påska? Dersom du likar Volda Mode si facebookside og lastar opp bilde av påskestrikket ditt på www.facebook.com/VoldaMode vert du med i trekninga av ein liten overraskelse. Trekning påskeafta ca kl. 10.00.

SAM_1181

Nettbutikk

No er også nettbutikken www.voldamode.no oppe og går. Det manglar fortsatt mange varer, men eg fyller på fortløpande så fort som eg rekk. Plutselig dukkar det også opp et og anna opningstilbod så det er berre å følge med. Flat frakt på kr 45,- og fri frakt om du bestiller for over kr 1500,-.

søndag 17. mars 2013

Hekla og sydd barnekjole

I siste babykatalogen fra Dalegarn så var der ein lekker kjole med hekla liv og blonde. Skjørtet var sydd. Dette måtte testes. Vipe fra Dalegarn og heklekrok 2,5 som eg bytta til 3 for at ikkje garnet skulle dele seg så mykje. Størrelsen vart omlag som til oppskrifta likevel.

Stoffet fann eg på loftet i kassa med diverse stoff som eg har arva etter mamma, mormor og bestemor.

SAM_1176

Detalj fra blonden nede.

SAM_1168

Livet som er hekla.

SAM_1177

torsdag 27. desember 2012

Trekning og SAL

Den heldige vinnar av mønster og garn til hue og hals vart Margrete Trovåg! Gratulerer så masse :) Stikk innom butikken eller ta kontakt så får du garnpakken.

carmen

På butikken så byrjar vi romjula med SAL. Førstemann til mølla får dei beste godbitane. Om du ikkje har anledning til å komme til butikken så kan du ringe eller sende epost. Du finn kontaktinformasjonen her: https://www.facebook.com/VoldaMode/info¨.

salgsplakat .

søndag 16. desember 2012

3. søndag i advent

Ingen signering eller konkurranse, men ein giveaway på bloggen! Blir veldig glad om du liker og deler facebook sida til Volda Mode, men det er ikkje nødvendig for å vere med i denne give away’en. Det du MÅ gjere er å legge igjen ein kommentar her i bloggen. Trekning neste søndag 4. søndag i advent.

Kva kan du vinne om du er den heldige?

Eg tenkte kort og godt å lage til ei garnpakke med mønster og garn til lue og hals i Carmen. Et garn med blanding av ull og lin. Verdi ca kr 280,-. Du kan sjølv velge farge.

carmen

fredag 15. juli 2011

Mange nyheiter i butikken

No byrjar det å komme inn nye varer. Først ut er det nye garnet DUO fra Sandnesgarn! Det er kommet inn i 8 lekre farger – det er også kommet mønsterhefte for DUO. Duo garnet skal ha samme strikkefastheit som det utgåtte Duettgarnet, Smart og Sandnes Alpakka. I tillegg så kom det påfyll av farger i Mandarin Petit, Lanett, Fantacy og Smart.

Eg har og fått inn ein ny lekker rosafarge i Silk Mohair, og ventar inn fargen lyng i dette garnet.

Eg har og fått varer fra Coats/Knapphuset – og der var det med bl.a. dongribukseknapper som eg veit det har vore eit par stykker innom butikken og spurt etter. I tillegg fekk eg godt med påfyll av bomullsgarnet Puppets Lyric. Eit tjukt og godt bomullsgarn som egnar seg til å strikke koppetuer, handdukar og gryteklutar av.

DSC00328

mandag 11. juli 2011

Opningstider og nyheiter

Etter å ha sett litt korleis trafikken er denne første veka – så ser eg at det er stort sett heilt stilt etter kl 16.30, men av og til så er det nokon som stikk innom før kl. 10.00 så eg har derfor bestemt meg for fylgjande åpningstider no i sommar:

Mandag – fredag 09.30 – 16.30
Laurdag 10.00 – 15.00

På fredag så kom det inn ei stor kasse med pleddgarn i friske fargar!

IMG_1201