Eg fekk tilbakemelding om at det var dårlige bilder og dårlige modeller på det forrige innlgget, så no har eg teke nye bilder. Brukar meg sjølv både som modell og fotograf - sjølvutløysaren fungerer bra den.
Først pannebandet som eg hekla. Kan hende eg lager fleire slike, men då skal eg lage dei litt breiare slik at dei kan brettast dobbelt, eller litt lenger og tove dei litt. Dei er hekla i Iglo garn fra Europris. Oppskrifta fann eg på Garnstudio og modifiserte den slik at den passa til det garnet og pinnestørrelsen som eg hadde.
Lua som eg hekla til gubben er hekla i Regia garn - egentlig garn som er meint til å strikke sokkar av, men det var det garnet dei hadde på butikken i bygda når eg trengte garn!
Sidan gubben ikkje var heime når eg tok bildene så brukar meg sjølv som modell her og. Her ser du lua både bakfra/side og forfra. Har også her vore innom garnstudio for grunnoppskrift til lua.
Så tilslutt mitt nyaste prosjekt - eg skulle jo gjere ferdig tunikaen, men det må eg gjere når eg er heime - greit å ha noko i bilen på ferja eller i hendene på laaaange fellesmøter på jobb.
Betydelig forbedring :-)
SvarSlettJeg og mamma heklet et teppe til å ha i gyngestolen min av slike lapper som den nederste. Teppet ble etterhvert ganske utslitt. Nå henger det på veggen som "pynt" på Zelante sitt rom.
Takk, planen er at det skal bli eit pledd eller teppe, men vi får sjå kor stort det blir før eg blir lei ;)
SvarSlett