søndag 17. januar 2010

Heklerier

På tide med litt oppdatering. Før jul så hekla eg tre luer, tre par tøfler og eit panneband. No etter jul har eg hekla ei lue til. Sjølvsagt har eg i stresset gløymt å ta bilder. Det første paret med tøfler gav eg vekk i ein fegave som eg var med på på tøybleieforumet. Ho som fekk dei har lagt ut bilder i bloggen sin. Her er bildet av lua som eg hekla til Andreas som eg er tante til. Den hekla eg litt stor og tova den - den vart litt lita, men mora bløyta den og strekte den passelig.


























Av restane hekla eg eit panneband til meg sjølv (bildet kunne vore mykje betre, men pannebandet vart godt og varmnt):



























Det siste eg har hekla er lue til gubben:



























Så neste no MÅ vere å gjere ferdig tunikaen min før eg byrjar på nokon nye prosjekt!

2 kommentarer:

  1. Hekleriene er kjempefine :-), men jeg må si at dere ser ut som et skummelt par.... Ville ikke møtt dere på saltaveien en mørk kvled ;-)

    SvarSlett
  2. Hehe - spørs om eg ikkje må få tatt nye bilder - trøtte tryner ein søndagskveld gjer seg ikkje "in public".

    SvarSlett

Eg blir veldig glad om du legg igjen ein kommentar :)