søndag 10. juli 2011

Klar for mi andre veke på butikken

Første veka er gjennomført – mandag var det masse folk og mykje sal – så kom sommaren.

IMG_1200

Til tross for at sommaren kom så har det vore ganske mange folk inn for døra, mange gratulasjonar og lykkeønskingar. Det set eg pris på!

Eg fortset salet med å få ut ikkje handarbeidsrelaterte varer og har fyllt opp stativet til 5 kroner i tillegg så har eg fortsatt mange sjal igjen til kr 30,-. Det er og ein god del garn, fortrinsvis restar, utgåtte kvalitetar og fargar.¨

IMG_1197

Her har eg fyllt opp bordet med salgsvarer, men no har eg rydda det slik at du kan ta med handarbeidet ditt og sitte ned ei stund om du vil. Kaffi har eg og!

IMG_1199

Oppskriftene har eg ikkje fått rydda i endå – har bestillt meg nye kassettar til å sette dei i. Når eg får dei (truleg i løpet av ei vekes tid) og eg får sortert oppskriftene så blir det nok salg på oppskrifter og!

Broderiavdelinga har eg ingen nye bilder av, for den er fortsatt litt kaotisk, men håper å rekke å få litt orden i den i løpet av veka som kjem.

Velkommen innom til ein hyggelig handel, eller berre ein prat.

2 kommentarer:

  1. Gleder meg til å komme på besøk/handel/kaffi ;)

    SvarSlett
  2. Gratulere med første vel gjennomført uke, og med bursdag. Det ser koselig ut det du har fått orden på, det andre kommer etter hvert. Skal nok komme på besøk, men vet ikke når. Lykke til videre. Klem tante Ruth.

    SvarSlett

Eg blir veldig glad om du legg igjen ein kommentar :)