fredag 15. juli 2011

Mange nyheiter i butikken

No byrjar det å komme inn nye varer. Først ut er det nye garnet DUO fra Sandnesgarn! Det er kommet inn i 8 lekre farger – det er også kommet mønsterhefte for DUO. Duo garnet skal ha samme strikkefastheit som det utgåtte Duettgarnet, Smart og Sandnes Alpakka. I tillegg så kom det påfyll av farger i Mandarin Petit, Lanett, Fantacy og Smart.

Eg har og fått inn ein ny lekker rosafarge i Silk Mohair, og ventar inn fargen lyng i dette garnet.

Eg har og fått varer fra Coats/Knapphuset – og der var det med bl.a. dongribukseknapper som eg veit det har vore eit par stykker innom butikken og spurt etter. I tillegg fekk eg godt med påfyll av bomullsgarnet Puppets Lyric. Eit tjukt og godt bomullsgarn som egnar seg til å strikke koppetuer, handdukar og gryteklutar av.

DSC00328

mandag 11. juli 2011

Opningstider og nyheiter

Etter å ha sett litt korleis trafikken er denne første veka – så ser eg at det er stort sett heilt stilt etter kl 16.30, men av og til så er det nokon som stikk innom før kl. 10.00 så eg har derfor bestemt meg for fylgjande åpningstider no i sommar:

Mandag – fredag 09.30 – 16.30
Laurdag 10.00 – 15.00

På fredag så kom det inn ei stor kasse med pleddgarn i friske fargar!

IMG_1201

søndag 10. juli 2011

Klar for mi andre veke på butikken

Første veka er gjennomført – mandag var det masse folk og mykje sal – så kom sommaren.

IMG_1200

Til tross for at sommaren kom så har det vore ganske mange folk inn for døra, mange gratulasjonar og lykkeønskingar. Det set eg pris på!

Eg fortset salet med å få ut ikkje handarbeidsrelaterte varer og har fyllt opp stativet til 5 kroner i tillegg så har eg fortsatt mange sjal igjen til kr 30,-. Det er og ein god del garn, fortrinsvis restar, utgåtte kvalitetar og fargar.¨

IMG_1197

Her har eg fyllt opp bordet med salgsvarer, men no har eg rydda det slik at du kan ta med handarbeidet ditt og sitte ned ei stund om du vil. Kaffi har eg og!

IMG_1199

Oppskriftene har eg ikkje fått rydda i endå – har bestillt meg nye kassettar til å sette dei i. Når eg får dei (truleg i løpet av ei vekes tid) og eg får sortert oppskriftene så blir det nok salg på oppskrifter og!

Broderiavdelinga har eg ingen nye bilder av, for den er fortsatt litt kaotisk, men håper å rekke å få litt orden i den i løpet av veka som kjem.

Velkommen innom til ein hyggelig handel, eller berre ein prat.

mandag 4. juli 2011

Trekning og opning

No har eg gitt meg for i kveld – butikken er ikkje heilt klar, men satsar på siste innspurt i morgon tidleg! Så blir det opning i morgon!! Gleder meg Smilefjes med åpen munn - masse varer på ryddesal.

Når eg kom meg på nett no i kveld så oppdagar eg at på Volda Mode si Facebookside så er det no heile 110 som likar sida! Då trekker eg give awayen og delte ut nummer til alle som har lagt igjen kommentar  - total 72 lodd og nummer 32 vann – og der sto det Josefine!!! Gratulerer så masse! Gave med sløyfe Ta kontakt så avtaler vi om du kjem innom eller om premien skal sendast Skolebuss.