torsdag 30. juni 2011

Nytt inventar og utsettjingar

Som eg har skrevet på Facebook så vart det klart onsdag at å bli ferdig til fredag var berre ikkje mulig. Handverkarane måtte ta “nødoppgåver” – les vasslekasje andre stadar før dei kunne fortsette i butikken hos meg. Men no har dei lova at dei berre må verte ferdige i løpet av i morgon fredag.

No blir det opning mandag kl 10.00! Annonsa kjem i Møre på laurdag så då må handverkarane berre verte ferdige!

I dag har eg vore å henta nytt – brukt inventar i ein butikk som stengde dørene i dag. Eg får truleg noko meir, men det måtte ryddast litt meir før det var klart. Ein ting er i alle fall sikkert – dette blir lekkert!!!  Var så sliten når vi var ferdige at eg gløymde heilt å ta bilder – så det får bli i morgon.

Husk give away og vervekonkurransen på Facebook. Akkuratt no så har sida til Volda Mode fått utrulege 85 likarar og det manglar berre 15! Før det blir trekning.

1 kommentar:

  1. Oy da, håper du får sove godt inatt da, så du er uthvilt til siste innspurt. Gleder meg til å se hvor fint det blir. Lykke til. Klem tante Ruth.

    SvarSlett

Eg blir veldig glad om du legg igjen ein kommentar :)