torsdag 31. mars 2011

Påskekylling og sitteunderlag

Fann ei artig oppskrift på småfuglar på ravelry som eg måtte prøve – her er resultatet – kan hende det blir fleire av desse, men det får vente til litt nærmare påske om det blir tid.

En fugl i hånden….

Har også strikka eit par sitteunderlag som eg har tova. Det eine har eg alt gitt bort og gløymde dessverre å ta bilde før eg gav det vekk – men her er det som eg ikkje har gitt bort enda:

søndag 20. mars 2011

Fargerik kjole

Eg skulle gjere ferdig nokre prosjekt før eg begynte på noko nytt, men no klarte eg ikkje halde meg lenger. Mitt ferskaste tantebarn må jo få seg ein kjole og kva passar vel bedre enn “Kjole til lillesøster” av Tora Frøseth.

lillesøsterkjole

Eg er ferdig med toppen og har igjen skjørtet. Strikker den i størrelse 6 mnd. Fasongen er slik at den kan brukast først som kjole og seinare som tunika og vest. Så sjølv om størrelsen er 6 mnd så er brukstida ganske lang.

tirsdag 15. mars 2011

Adventskalender del 2

Det går framover - her er bilder som eg tok når eg var ferdig med dei 7 første - no held eg på med nr 11.

søndag 13. mars 2011

Timmy tid

Det har vore karneval i barnehagen og poden fann ut at han ville vere Timmy (et lite lam fra barnetv), men den slags kostymer finnast ikkje - stort sett så får ein berre prinsesser og piratar og ein og annan ole brum i leikebutikkane på denne tida. Eit søk på Ravelry.com så kom eg over denne. Strikka i dobbelt Iglo garn fra Europris med pinner 15 mm så gikk det relativt raskt.






- og så glad er vi når vi kjem heim att fra barnehagen:


søndag 27. februar 2011

Lue og votter

Eg har strikka ei lue og et par votter i Free Style fra Dale til ein toåring. Håper settet passer og at han får brukt det.
IMG_0978

torsdag 24. februar 2011

Adventskalender!

No er det bevist! Eg kan vel ikkje vere heilt klok når eg byrjar å snakke om adventskalender i februar!!!

Før jul kom eg over dette heftet fra Dalegarn med den flotte adventskalenderen utanpå. Som heilt fersk strikkar innsåg eg temmelig fort mine begrensingar.

 

Men no har eg tenkt å begynne i god tid – så i dag har eg vore å kjøpt hefte og garn. Eg har egentlig lova meg sjølv å ikkje begynne på nokon nye prosjekt før eg har fått avslutta eit eller fleire prosjekt. Unnskyldninga mi er at eg gjorde ferdig eit prosjekt i går kveld (men det legg eg ikkje ut heilt endå…)

Her er kveldens arbeid!

IMG_0989

Baksida:

IMG_0990

Så målet no er å ha 24 slike minivotter ferdig før 1. desember!

onsdag 23. februar 2011

Award


Eg har fått denne flotte awarde fra Insomnias kreative kaos!
7 svar på 7 spørsmål;


1.Ta opp nærmeste bok og slå opp på side 18, linje 4. Hva står det der?  "Pen Tool brukes for å tegne kurver og sammenhengende linjer."

2.Hva var det siste du så på tv? The Pacific.

3.Bortsett fra datamaskinen, hva hører du nå? Nokre kollegaer som prater.

4.Når var du sist ute og hva gjorde du da? I dag når eg kom på jobb.
 
5.Hva har du på deg nå? Dongribukse, tunika og ei lett jakke.

6.Hva var den siste filmen du så?  Veit ikkje!

7.Skulle du overveie å flytte til utlandet? Nei, trives alt for godt her eg er.



Så skulle eg utfordre 7 andre bloggere :-)

Saltyquilt
Saltkråka
Britt og Zelante
Huset ved elva
Ariel
Husmorliv
Bråkebøtta