onsdag 25. august 2010

Til ein kollega

Eg har altså fått heilt dilla på englemasker – dei er raske og hekle og aldeles nydelige. Sjal i englemasker kan brukast som sjal over skuldrane ein kjølig dag eller tullast rundt halsen som eit skjerf! Sammen med pulsvanter kan ein godt sitte på eit halvkjølig kontor og jobbe ei stund!

vår og sommar 2010 330

vår og sommar 2010 326

Sjalet er hekla i svart Faerytale med koksgrå kant.

vår og sommar 2010 325

Pulsvantene er hekla i Sandnes alpakka trur eg det var for eg fann ikkje svart Mirasol på butikken der eg brukar å kjøpe garn.

vår og sommar 2010 328

Og så må eg berre legge ved eit bilde av trappa mi – synest den vart så fin .

vår og sommar 2010 331

fredag 13. august 2010

Bursdagspresang

vår og sommar 2010 294
Til kusina mi, og ja, det vart endå eit englemaskesjal hekla i faerytale fra Du store alpakka. I tillegg så har eg hekla pulsvanter modifisert og tilpassa garnet etter ei oppskrift eg fann på Ravelry.com. Desse er hekla i Mirasol også fra Du store Alpakka. Øverst på desse skulle det vere krepsemasker – så då har eg lært det og. Eit par bilder til:
vår og sommar 2010 292
vår og sommar 2010 289
vår og sommar 2010 288

Oppskrift på babykjole i englemasker

Oppskrifta fann eg via Ravelry og er tilgjengeleg her. Tenkte eg skulle spørre dama om eg kunne oversette den til norsk og publisere den.

tirsdag 10. august 2010

Meir englemasker

Eg var ikkje ferdig med englemaskene! Etter litt søk på Ravelry så kom eg over oppskrift på ein babykjole med englemasker. Eg måtte sjølvsagt prøve korleis dette vart – passa jo heilt supert i og med at naboen nettopp hadde fått seg ei lita jente.
vår og sommar 2010 129
vår og sommar 2010 122
vår og sommar 2010 128

Englemasker, englemasker og englemasker

Endelig har eg fått lasta inn bilder fra kameraet – nærmare 350 bilder!!! Skal prøve å få lagt inn ting i nokonlunde kronologisk rekkefølge, men veit ikkje om det går heilt.
Eg hadde sett bilder av fleire sjal hekla i englemasker og dess synest eg var så fine at denne teknikken måtte eg berre lære meg. Oppskrift og kurs fann eg på Felisis sin blogg. Dei to første sjala er hekla i lys lys lilla Faerytale fra Du store alpakka.
vår og sommar 2010 099
Berre sjå kor fine maskene er:
vår og sommar 2010 101
Svigerinna mi fekk eit av desse sjala og det andre fekk mamma. Mamma fekk i tillegg eit som er hekla i garn fra Fotrama. Dette garnet er mykje tynnare og eg har også laga mindre masker i det.
vår og sommar 2010 299
vår og sommar 2010 298
Etter desse tre sjala så måtte eg hekle eit til meg sjølv, det skulle passe til kjolen som eg hadde kjøpt for å bruke i bryllupene som vi var invitert til i sommar. Dette sjalet er hekla i garn fra Schulana – kid seta. Det er ei blanding av silke og merino og er utruleg tynt og lett garn.
vår og sommar 2010 109
På dei første sjala laga eg ei avslutting av vanlige luftmaskebuer. No prøvde eg meg med avslutting med englemasker – eg synest det vart veldig fint :D
vår og sommar 2010 110

søndag 4. april 2010

Påskepynt

På tide kanskje å få oppdatert bloggen med påskepynten min. Ca 14 dagar før påske fann eg ut at eg ville hekle meg ein løpar til påske – var vel i tvil om det vart denne eller neste då eg byrja, men den var forholdsvis rask å hekle og tirsdag i påskeveka var eg ferdig. Bildet er teke før eg festa trådane og pressa den.

Dessutan hadde eg meg ein Eidatur like før påske og måtte då ein tur innom Det gylne snitt. Der fann eg denne flotte høna som eg berre måtte ha. Egget har poden malt i barnehagen.

søndag 7. mars 2010

Rydding i heklekorga

På loftet inni eit skap har eg ei korg med masse heklegreier. Det er ei stund sidan eg såg etter kva som låg der og kom over korga her ein dag. Når eg byrja å rote nedi den så fann eg mange nesten ferdige prosjekt, dvs det mangla kun å feste trådar og stryking.

Berre sjå her:
- gul påskeduk
- to raude stjerner til å henge på juletreet
- to små raude brikker
- raud brikke med åttebladsrose
- en ferdig gryteklut (og ein halvferdig ligg igjen, men den blir nok tatt fram no for å gjerast ferdig)



Eg fann og ein litt større duk, som er hekla i noko som vart kalla hardanger hekling - sikkert fordi det ferdige resultatet minner veldig om hardangersøm. Den er hekla i litt tjukkare garn enn dukane og brikkene over. Trur det må vere Solberg 12/4 e.l.