fredag 29. januar 2010

Viltpanne - favoritt

Vi har forholdsvis god tilgang på hjortekjøt og prøver jo å variere bruken av det. Ein av favortittane er:
Hjortekjøt oppskåret i tynne strimler
Paprika
Løk
Sukkererter
Fløte

Stek kjøttet og krydre med salt, pepper og kvitløk (eg brukar sånn tørka kvitløk som eg kverner over), tilsett ca halvparten av fløten og la det stå og kose seg ei god stund. Tilsett løk, paprika og sukkererter og resten av fløten (totalt en boks), og la det stå å putre til fløten har kokt litt inn slik at den tykner litt - server med kokte poteter til eller ris eller kva du sjølv har lyst på. Nam

mandag 25. januar 2010

Eg har fått ein award!


Fekk denne av tante Ruth som har bloggen http://saltyquilt.blogspot.com/! Utfordringa for å ta imot er å skrive sju (7) ting om meg sjølv.

1. 40 år ung dame med alt for mange interesser og alt for liten tid til å dyrke dei.
2. Lærte meg å hekle den sommaren eg var 18 år, hadde vore på 4H leir og blitt smitta av vannkopper! For å ha noko å holde på med slik at eg ikkje klødde meg - lærte mamma meg å hekle - og sida var eg bitt av basillen.
3. Mi første symaskin kjøpte eg først hausten 2008, men eg lærte meg å sy på mammas gamle Pfaff maskin.
4. Noko av det eg har brukt den mest til er å sy tøybleier til guttungen!
5. Klarer ikkje å få dreisen på strikkepinnane, men det er så masse fine strikkemønster så eg drømmer stadig vekk om å få kontroll på dei.
6. For å koble ut og skaffe meg overskot i kvardagen så nyt eg å gå på dei vakre fjella som eg har rett utanfor døra mi!
7. Drømmer om å starte min egen lille nettbutikk - gjerne en der eg kan selge mine og andres heimelaga ting!

Til slutt vil eg utfordre eit par forumvenner med blogger som eg blir inspirert av. Den første er bloggen anette&tutta, ei engasjert småbarnsmor som strikker, er ammehjelper og brenner for miljøet. Den andre eg vil utfordre er eigaren av bloggen Ordentlige bleier - et oppkomme av stilige bleiebukser med nesten alt mulig og umulig brodert i buksebaken.

Gutter, dukker og kjønnsdelte butikker med klær og leker til barn

Av og til stikk eg innom dei lokale leikebutikkane, eg synest egentlig at alle barn bør ha minst ei dukke. Men når eg kikker i dukkehylla så er den så godt som KUN rosa - eg blir kvalm. Gutar skal leike med skytevåpen o.l. og jenter skal ha rosa dukker - BLÆH! Det var dagens utblåsing. Butikker med barneklær er ikkje så mykje betre. Du kan forvente tre vegger med jenteklær - hovedsaklig rosa, og ein halv vegg med gutteklær og ein halv vegg med diverse for både gutter og jenter! Handlar virkelig jentemammaer (og andre slektninger) så mykje meir enn guttemammaer?

Eg skal ikkje lage så mykje meir utblåsing her, men eg ønsker meg ei fin guttedukke til poden og har vel innsett at då må eg på nettet. Ei av dei eg har sett på finn eg hos Bittebror, ei Waldorf dukke med namnet Joe.

tirsdag 19. januar 2010

Nye bilder og nye heklerier

Eg fekk tilbakemelding om at det var dårlige bilder og dårlige modeller på det forrige innlgget, så no har eg teke nye bilder. Brukar meg sjølv både som modell og fotograf - sjølvutløysaren fungerer bra den.

Først pannebandet som eg hekla. Kan hende eg lager fleire slike, men då skal eg lage dei litt breiare slik at dei kan brettast dobbelt, eller litt lenger og tove dei litt. Dei er hekla i Iglo garn fra Europris. Oppskrifta fann eg på Garnstudio og modifiserte den slik at den passa til det garnet og pinnestørrelsen som eg hadde.

Lua som eg hekla til gubben er hekla i Regia garn - egentlig garn som er meint til å strikke sokkar av, men det var det garnet dei hadde på butikken i bygda når eg trengte garn!

Sidan gubben ikkje var heime når eg tok bildene så brukar meg sjølv som modell her og. Her ser du lua både bakfra/side og forfra. Har også her vore innom garnstudio for grunnoppskrift til lua.

Så tilslutt mitt nyaste prosjekt - eg skulle jo gjere ferdig tunikaen, men det må eg gjere når eg er heime - greit å ha noko i bilen på ferja eller i hendene på laaaange fellesmøter på jobb.

søndag 17. januar 2010

Heklerier

På tide med litt oppdatering. Før jul så hekla eg tre luer, tre par tøfler og eit panneband. No etter jul har eg hekla ei lue til. Sjølvsagt har eg i stresset gløymt å ta bilder. Det første paret med tøfler gav eg vekk i ein fegave som eg var med på på tøybleieforumet. Ho som fekk dei har lagt ut bilder i bloggen sin. Her er bildet av lua som eg hekla til Andreas som eg er tante til. Den hekla eg litt stor og tova den - den vart litt lita, men mora bløyta den og strekte den passelig.


























Av restane hekla eg eit panneband til meg sjølv (bildet kunne vore mykje betre, men pannebandet vart godt og varmnt):



























Det siste eg har hekla er lue til gubben:



























Så neste no MÅ vere å gjere ferdig tunikaen min før eg byrjar på nokon nye prosjekt!